Kva er meininga?

Då eg kikka ut av vindauget i dag tidleg, pressa det seg fram ei tåre i auget. Hadde eg vore 10 år yngre, hadde tåra vore av glede, men slik var det no ein gong ikkje.
Gidd å snø!
Kva er det som skjer klimaet i sørlandsbyen Kristiansand for tida? No har eg sykla på holkeføre i to longe veker. Veret har vore fantastisk, berre sol, men eg er lei føret, kraftig lei. Og då det i dag byrja å dryssa ned frå himmelen igjen, var det vanskeleg å finne lyspunkt. Det har kome relativt mykje snø og i løpet av dagen. Lei, lei, lei....
Gi meg litt asfalt og grønt gras, noko eg kan setje foten min ned på og sparke fra på, noko eg kan svinge med sykkelen på. Eg ropar..
Eg er som trea for tida. Snøen tynger meg, dog ikkje fysisk. Då eg var liten bygde den meg opp. Jo meir snø og snøver, jo meir brusa det inni meg. Eg kunne finne på å springe sirklar i sofaen heime pga av 3 minus og snø. Følelsen var unik. Kanskje eg er ekstra trist fordi eg savnar den følelsen. Dobbelt opp, liksom.
Håpar det er bart i morgon. Jjjahssææliah!