Tankar med blekk

Denne bloggen laga eg fordi bror min sa eg skulle det. Det du finn på sida vil vere ting eg har tankar om, som eg synes er godt å få ned på papiret. Eg ønskjer at innlegga kan inspirirere til kommentarar frå alle hold. Nokon gonger vil du som lesar misforstå eller rett og slett ikkje skjøna det som står. Då er det ikkje deg, men ordlyden og ordlegginga mi det er noko gale med.

februar 02, 2006

Kongen


Det siste ca halvåret har eg vorte særs fascinert av artisten og songaren Elvis Presley.
Då eg var mindre tenkte eg at han berre var ein som blei kjend og hylla pga tida, det at han representerte noko nytt, og at det berre blei sånn. Han var fullt og holdent oppskrytt. Parodiar hadde kanskje til og med latterliggjort han.
Men Elvis, ser eg nå, var forferdeleg dyktig i det han dreiv med. Han hadde noko eige, usamanliknbart noko, og ein vanvittig musikalsk formidling. Ikkje minst har eg opplevd dette ved å sjå opptak frå konsertar han har hatt. Kva er den mannen laga av?
Spesielt er det når han syng gospel. Ingenting kan måle seg.
Eg har lasta ned nokre songar av han. Dette er i hovudsak "Amazing Grace", "A Little Less Conversation", "Bridge Over Troubled Water" (der får J. Cash etter mi meining hard kamp) og "An American Trilogy". Det er rett og slett fantastisk å høyre på!

9 Comments:

At 21:40, Blogger Arnt Johan said...

Tøft bilde av kongen! Ja, han e kongen av showbiz.. ingen diskusjon der. Men Ol`blue eyes og the man in black skal ein heller ikkje kimse av..

 
At 15:16, Anonymous Anonym said...

joda

hmmm
venta ikkje detta av deg gunnar
blogg og allting

men d va vel bare i vente når du blei overlatt til deg sjøl i sossiansand.

 
At 15:19, Blogger Gunman said...

ja.. eg slite litt.

 
At 10:12, Blogger Elling said...

"I saw you standing at the gate, when Marlon Brando passed away.." Harru hørt for mye på Robbies Elvishyllest nå'a?

 
At 17:39, Blogger Arnt Johan said...

What elling? Har du problemer med Elvis nå? Skjerpings!

 
At 13:26, Blogger Elling said...

Digger Elvis jeg. Ville bare komme til bunns i inngangen til tematikken.

 
At 21:28, Blogger Arnt Johan said...

Det e nok ein eldre brors veiledning oppdragelse tenke eg..

 
At 02:25, Anonymous Anonym said...

okei, gunnar. Du sa eg måtte lasta ner litt elvis stuff. Eg gjorde d. men e eg frelst? niks. å den du syns va best. american triology eller ka søren. den e barra irriteranes. jaffal dei bassane i bakgrunnen. men nåke e fint. Eg trur min favoritt e little less conversation.

 
At 23:03, Anonymous Anonym said...

This is very interesting site... Gmac car payments online Digital projectors online Nj national fire alarm association teeth whitening Reshaping body from ritalin

 

Legg inn en kommentar

<< Home