Kva er meininga?

Då eg kikka ut av vindauget i dag tidleg, pressa det seg fram ei tåre i auget. Hadde eg vore 10 år yngre, hadde tåra vore av glede, men slik var det no ein gong ikkje.
Gidd å snø!
Kva er det som skjer klimaet i sørlandsbyen Kristiansand for tida? No har eg sykla på holkeføre i to longe veker. Veret har vore fantastisk, berre sol, men eg er lei føret, kraftig lei. Og då det i dag byrja å dryssa ned frå himmelen igjen, var det vanskeleg å finne lyspunkt. Det har kome relativt mykje snø og i løpet av dagen. Lei, lei, lei....
Gi meg litt asfalt og grønt gras, noko eg kan setje foten min ned på og sparke fra på, noko eg kan svinge med sykkelen på. Eg ropar..
Eg er som trea for tida. Snøen tynger meg, dog ikkje fysisk. Då eg var liten bygde den meg opp. Jo meir snø og snøver, jo meir brusa det inni meg. Eg kunne finne på å springe sirklar i sofaen heime pga av 3 minus og snø. Følelsen var unik. Kanskje eg er ekstra trist fordi eg savnar den følelsen. Dobbelt opp, liksom.
Håpar det er bart i morgon. Jjjahssææliah!
6 Comments:
For å seie det slik..eg er og lei av snø. Ikkje overalt, men Sørlandets perle fortener noko betre enn masse brun, skitten snø i vegkantane. I Bykle, min heimplass og hovudstaden i Setesdal, skal det vere snø. Turistane vil ha det, dei fastbuande vil ha det, ungane som leikar vil ha det..du skjønar poenget.
MEN I KRISTIANSAND???!!
Why God, why me?
Snøen plagar meg på fleire område, kanskje litt andre enn Gunnar sine. For det fyrste snør bilen min ned. Dette får store konsekvensar. Eg må bruke fleire minutt om morgonen på å grave fram døra, for å unngå at førarsetet vert fylt med snø når eg opnar den flotte, kvite Saab 900-døra.
For det andre har me nokre talentlause brøytemannskap i Kristiansand kommune. Dermed er det ikkje sikkert at eg kjem meg ut av gata me bur i sjølv om eg har kome meg inn i bilen. Dei har klart å brøyte 1/3 av gata vår på drøye to veker. Det kan utan tvil karakterisarst som ein prestasjon av dei sjeldne.
For det tredje høyrer snø enkelt og greit heime her. Det kan du sjå på konsekvensane eit lite snøfall får.
Moralen i denne teksten er:
Nei til snø. Lat oss sleppe! La det snø i Bykle og andre stader, der me treng snø til å køyre og gå på ski. Og der det ikkje minst er: Brøytemannskap som har SKJØNA kva denne stillinga inneber!!
Vestlandet er utan tvil løysinga på problemet dykkar. Her får me av og til ein venleg påminnelse av Kong Vinter at det faktisk er vinter og at det innber ein viss mulighet for snø. Men det varer toppen to dagar. Då prssar vamfronten på igjen og det syndelfloden er eit faktum.. Snøen ligg på fjellet der han høyrer heime.
-
hei gunnar
hilsen ida
Eg prøve av all kraft og tenka positivt; tenka på mulighet te ski og aking, men den djupe sannheten e at eg e lei. Men i mårå ska eg te Hovden, då blir snøen atter ein venn!!!
Very nice site! » »
Legg inn en kommentar
<< Home