Tankar med blekk

Denne bloggen laga eg fordi bror min sa eg skulle det. Det du finn på sida vil vere ting eg har tankar om, som eg synes er godt å få ned på papiret. Eg ønskjer at innlegga kan inspirirere til kommentarar frå alle hold. Nokon gonger vil du som lesar misforstå eller rett og slett ikkje skjøna det som står. Då er det ikkje deg, men ordlyden og ordlegginga mi det er noko gale med.

mars 12, 2006

Valget 2006


"Ja.. Ka ska du gjør på for nåke te høsten da?" Det stikk kvar gong eg får spørsmålet. Eg får på nytt stadfesta at eigentleg ikkje har noko plan. Det er éin månad att til fristen går ut. Kva i svartaste og grønaste vide verda skal eg finne på? "ja, men ka interessere du deg for da? Ser du for deg i ein eller aen jobb du konne tenkt deg, kanskje?" Eg ler høfleg som svar. "hhenei.."
Det er monge ting eg er klar på at eg ikkje skal studere. Eg skal ikkje verte lærar, historie og norsk er ut, det same med samfunnsfaglige emne. Realfaga matematikk og fysikk er greie nok, men vert for turre i lengda. Dette året studerer eg idrett, men ser ikkje heilt kor eg kan bygge på det, hvis eg ikkje skal verte lærar.
Eg møter mange som ikkje veit kva dei skal til høsten, men problemet er ofte at dei har for monge alternativ å velge mellom.
Skulle ønske eg hadde ein nyttig lidenskap. Kjensla i magen dreg meg ingen veg. I skrivande stund kjenner eg meg blankare enn nokon gong. Kva er det der ute som passar for meg?
Eg får sove på det.

mars 11, 2006

Kvitt dekke


Akkurat no er det så latterleg mykje snø i Kristiansand, at det nesten er oppmuntrande. Det er ikkje fordi eg får brukt han til så mykje, men fordi han har nærare blitt ein kuriositet. Denne kuriositeten kan hende drar meg eit stykke unna det daglegdagse, røsker litt i nedslitte stiar. I tillegg, på ein dag som denne med strålande sol, er han ikkje så verst å sjå til heller.
Men eg hadde ikkje blitt direkte sint om han forsvann i løpet av neste veke.